08.jpg

Arne Mehl MD PhD

Senior Consultant in Infectious Diseases Levanger Hospital

 

Arne Mehl disputerte 16. juni 

Blodbaneinfeksjon ved Sykehuset Levanger 2002-2013

Insidens, dødelighet, antibiotikaresistens, antibiotikabehandling og betydning av statinprofylakse

I perioden 2002-2013 vart det registrert 1995 episodar av blodbaneinfeksjon ved Sykehuset Levanger. Den totale insidensen av blodbaneinfeksjon (episodar pr. 100.000 person-år) auka frå 205 i 2002-2007 til 223 i 2008-2013. Insidensen av blodbaneinfeksjon var høgast hos eldre menn.

Dei tre vanlegaste mikrobane som gav opphav til blodbaneinfeksjon var Escherichia coli (34,4%), Streptococcus pneumoniae (11,3%) og Staphylococcus aureus (10,9%). Mindre enn 5% av mikrobane vi fann i blodkulturar frå pasientar med blodbaneinfeksjon, var resistente mot den antibiotikakombinasjonen som vert tilrådd av norske helsestyresmakter til behandling av sepsis av ukjent årsak (penicillin pluss gentamicin, med tillegg av metronidazol dersom anaerob infeksjon er mistenkt). Førekomsten av resistente mikrobar var lågare enn det som vert rapportert frå dei fleste andre land.

Vi undersøkte om det å overleve blodbaneinfeksjon kunne ha samanheng med om pasientane brukte statin, ein type medisin som reduserer kolesterol i blodet, men som også har betennelsesdempande effekt. Det viste seg at blant pasientane som hadde blodbaneinfeksjon med Gram-negativ bakterie, var prosentdel som døydde 50% lågare blant dei som brukte eit statin samanlikna med dei som ikkje brukte statin. Blant dei som hadde blodbaneinfeksjon med Gram-positiv bakterie, var det derimot ingen skilnad mellom dei som brukte statin og dei som ikkje brukte statin.